Om oss

 

Berge & Co AS feirer i år 55 års jubileum.  Berge & Co AS vart etablert av Erling Berge i 1954.  Han starta opp i leigde lokaler i Hafstadvegen med sal av Volkswagenbilar.  Det vart solgt 15 bilar i 1954. I 1960 flytta Berge & Co AS inn i eigne lokaler i Bergegården.  Bergegården utvida sine lokaler i 1967 med større verkstad og delelager.  I 1968 selde Berge 376 nye bilar og i  1969 var salet på formidable 630 nye bilar. Bergegården vart nok ein gong utvida i 1970, denne gong med høgbygg. I 1972 fekk Berge & Co As agenturet for Audi i Sogn og Fjordane, og i 1974 vart alt bilsalget flytta til Bergehallen. Berge nådde ein milepæl i 1977; på eitt år selde dei totalt 1008 bilar.  I 1982 stod eit topp moderne bygg på Kronborg ferdig til bruk.  Dette bygget er utvida fleire gonger, seinast i 1998.  I 1999 fekk Berge & Co einerett for sal av bilmerket Skoda i Sogn og Fjordane.  Skoda ligg i dag høgt på salsstatestikken i Noreg.

Berge & Co AS starta opp i Sogndal i 1971 i eigne lokaler.  Lokala her vart utvida i 1993.  I 1988 starta Berge & Co AS opp avdeling på Nordfjordeid.  Denne avdelinga vart i 1999 flytta til Stryn.  I 2001 vart det åpna avdelingar i Florø og Måløy.  Det vil sei at Berge & Co AS i dag har 5 avdelingar med til saman 90 tilsette som tek vare på deg som kunde.

Berge & Co AS omsette i 2008 for til saman 271.273.000 kroner og selde 936 bilar.  Tilsaman har firmaet 6500 kvm. verkstadareal.

Berge & Co AS sel i dag Volkswagen, Audi og Skoda i Sogn og Fjordane, og er fylkets største bilforhandlar. Kvar fjerde registrerte bil i Sogn & Fjordane er levert av Berge & Co AS.

Telefonnummer til våre avdelingar:

Førde: 24 03 18 00    Stryn: 57 87 26 00    Sogndal: 57 67 57 00    Florø: 57 74 22 40    Måløy: 57 84 80 08